søndag 25. juli 2010

Tilbake til bloggverda - Sommer på jorda!

Sommer på jorda, smil overallt,
himmelen er gjennomsiktig havet blått og salt.
Og jentene er søtere enn markjordbær på strå,
sommer på jorda, livet det er nå.


Få songar får betre fram kjensla av sumar enn det ”Sommer på jorda” med Postgirobygget gjer. Du tenkjer kanskje at slagaren ”Idyll” av same gruppe er så sjukt mykje betre, men der tar du altså feil. ”Idyll” er absolutt fin den, noko som understrekar kor bra ”Sommer på jorda” faktisk er. Og kvifor er den etter mitt syn så bra? Eg skal ikkje gå inn i ei voldsom musikalsk analyse med flotte adjektiv og andre framandord. Det held eg meg for god til. Eg kjem heller ikkje til å kommentere at når me sit og svettar under ein VM-kamp i sumar-Noreg, sit dei med dunjakker og hakkar tenner med vuvuzula-tinnitus i vinterlandet Sør-Afrika, og at det derfor blir feil å dra alle under ein kam og seie ”Sommer på jorda”, som om at det var sumar på heile jorda samstundes. Fryktelig lang setning. Pause.

Det eg vil fram til er at denne songen om sumar på planeten tellus set følelsar, eller kjensler om du vil, i sving. Det er merkjeleg at setningar om salte reker, at jenta di er søt og tørre kontorister har lagt kroppen sin i bløt, det er merkjeleg at det er det som skal vekke sumar-Tarje til liv. Men eg glad for det faktum at det skjer, trass i at eg ikkje veit kvifor.

For sumaren min så langt har stort sett dreid seg om ein del reising sørover grunna ei kvinne i mitt liv (Marit Slyk red.adm), arbeid og regn. Med unntak av førstnemnde har desse momenta gjort at eg ikkje føler at sumaren er på jorda. Joda, rekene dei er salte, jenta mi er søt og tørre kontorister legg heilt sikkert kroppen sin i bløt. Sistnemnde legg eg meg ikkje legge meg opp i (...sa kona då mannen dreit i senga.) (Les: radioresepsjonen). Sumaren er nok på jorda, men fram til no har eg ikkje merka noko til den, bortsett frå når eg høyrer denne songen. Det har vore slik heilt fram til no, men på linje med svineinfluensaen tok denne kjensal brått slutt, for denne helga kom sumaren! Plutseleg, heilt med forvarsel frå meteorologane, kom sumaren til jorda og Leiknes. Eg seier som danskane; Dejlig! Eg arbeider framleis, men har berre ei veke igjen. 2/3 av sumaridyllen er dermed på plass, og om 5 dager er arbeidslivet over for denne gong. Då ventar Oslo by og alt det måtte medføre, men eg gler meg!

Så kjære deg. Har sumaren av ein eller anna grunn ikkje kome til deg, er du i dårleg humør og/eller tapte laget ditt mot Brann? Ta deg ein runde med ”Sommer på jorda”! For jentene er søtare enn markjordbær på strå. Sumar på jorda, livet det er nå!
Enjoy: http://www.youtube.com/watch?v=0wBbM7sP3ZY&feature=related

Ps. Lenge sidan eg har blogga? Ja. Kvifor? Eg veit ikkje. Det berre blei slik. Kjem eg til å skrive igjen? Så absolutt, men det er ikkje gitt noko menneske å vete kortid det blir.

Og om du les dette, legg veldig gjerne igjen ein kommentar, livsteikn etc :)

tirsdag 20. oktober 2009

..... ....

I periodar av livet mitt hender det at ting sviktar litt. Ting går ikkje heilt slik det var tenkt, snarare tver i mot. Det er ikkje alltid så lett, det er ikkje alltid så greit få få det til. Eg merker at eg slit litt! Og det er ikkje greit, for det er ikkje slik det var meint...
No trur du sikkert at eg har mentale problem, slit og har tungt å bere (les:Matt.11:28). Men det er feil. Dette var berre eit billig triks eg nytta i min ungdom som skuleelev for å fange merksemda til lesaren, som eg no har tatt opp igjen. Om det er effektivt eller ei vil vise seg. Dersom du les denne setninga du no held på med å lese, har eg i alle fall ikkje skremd deg vekk! Mulig eg er usakleg, men etter at Barak Hussein Obama (ja, han heiter faktisk det) vann Nobels Fredspris for å ha snille og gode tankar, har terskelen for kva som er usakleg blitt usakleg. Og det er jo festleg.

Noko anna som er festleg er at eg har lest ei bok! Ei heil bok! Utan å hoppe over annakvar side, annakvart kapittel eller stort sett resten av boka! Om du ikkje kjenner meg så godt så høyres kanskje ikkje det så oppsiktsvekkjande ut. Eigentleg, i teorien, er det heller ikkje så fantastisk. Dei fleste her til lands kan lese, har tilgang til ein bokhandel og pengar til å kjøpe ei bok. Det gjeld faktisk meg óg, nordmann som eg er. Så det er ikkje det det står på. Ikkje i teorien, noko som faktsik er grunnvollen i problemet. Teoretisk er det lurt, lærerikt og mest sansynleg interessant å lese bok. I praksis derimot er det utruleg kjedeleg å setje seg ned for å lese (gjesp), men dog fortsatt lærerikt og med tida mest sansynleg interessant. Eg slit med punkt 1: Å setje meg ned. Men det har eg no altså klart, og sjølv om eg brukte heile to veker på å lese 175 sider er eg nøgd med meg sjølv! Kva bok eg las? Sikkert ikkje ei du har lese, men eg kan verkeleg anbefale den visst du interesserer deg for emnet. "Der du er"- ei ressursbok for evangelieformidling, skrive av Ole-Magnus Olafsrud, er det eg har brukt fritid, arbeidstid, flytid og ymse tid på å lese. I særdeles superkorte trekk handlar den om å vere kristen og leve som kristen der du er (det kom sikkert ikkje som ei bombe) i kvardagslivet og tek opp ulike emne rundt dette. For tida, det vil sei akkurat no, skal/skulle/burde eg skrive oppgåve om boka, men det treng eg ikkje skrive om at eg ikkje gjer, pliktoppfyllande som eg er. Som dagens ungdom ville seie det; boka var dritbra, og eg skal snart finne meg ei ny bok å lese. Heilt frivillig!

Ellers kunne eg ha skrive mykje om oppdraga me har hatt med BiG Team, landsmøtet i KrFU som eg ikkje hadde tid til å vere på, eg kunne ha nemnd den nye regjeringa me skal leve med i toppen 4 år (eller til ministrane får fyken) og elelrs andre viktige ting. Men, som du sikkert har forstått, så gjer eg ikkje det i denne omgang.

No er det kvelds, og godt er det! Men til slutt eit lite glimt frå bibelen der disipplane spør Jesus om frelse, Matteus 19:26b: "For menneske er det umogleg; men for Gud er alt mogleg."
Dagens anbefaling: Les resten i Matteus 19:16ff (ff vil sei resten av kapitlet)



tirsdag 15. september 2009

4 nye år...

Så skjedde det som ikkje skulle skje. Stemmelokala stengde, stemmene i stortingsvalet 2009 blei tald, resultatet kom og frå Arbeidarpartiet si valvake kunne ein høyre jubel med tilhøyrande rop; “4 nye år! 4 nye år! 4 nye år!”.

Det var det eg, og mange med meg, hadde håpa på. 4 nye år. 4 nye år! Men det blei ikkje slik. Eg hadde håpa på ei endring i Noreg, ei endring som ville vere til gagn for det norske folk, for verdas fattige, for framtida og demokratiet. Ei endring der tanken om kva menneskeverd er ville fått ei ny meining. Eller, når eg tenkjer meg om, ei endring der tanken om kva menneskeverd er ville fått ei meining. Eg hadde håpa at eg skulle få oppleve eit samfunn med vekt på at familie skulle vere familie. Eit samfunn der borna kunne få muligheit til ein oppvekst saman med foreldre/foresatte i staden for ein oppvekst med statlege instansar. Eg drøymde om muligheita til å sjølv velje det som passar meg! No får eg berre muligheit til å velje sjølv, men utan muligheit til å velje det. Eg kunne fortsett slik. Lenge. Men det er det liten vits i å sutre. Kristin Halvorsen (SV) uttalte begeistring for SV si ”mobilisering mot slutten av valkampen”, og meinte den gjorde utslag. Og det kan godt vere. Det gjekk i alle fall gale på borgarleg side, og det må me ta lærdom av.

I staden for å sutre må me på borgarleg side mobilisere, og det allereie no. Me må bli fleire engasjerte og engasjere fleire! For eg, og fleire med meg, orkar ikkje tanken på 4 nye nye år. Me må jobba for ei endring i Noreg, ei endring som vil vere til gagn for det norske folk, for verdas fattige, for framtida og demokratiet.

I mellomtida må me hugse å be for vårt dyre fedreland, for kongehuset, regjeringa og stortinget. 4 nye år med raud/grønt er urovekkande, men eg føler meg likevell trygg med eit liv med kongenes konge.

“Vårt heimland lenge i myrker låg,

og vankunna ljoset gøymde.


Men, Gud du i nåde til oss såg,


Din kjærleik oss ikkje gløymde;


Du sende ditt ord til Noregs fjell,


Og ljos over landet strøymde

mandag 7. september 2009

ehm.. ja!


Tre veker. TRE VEKER! Eg visste at eg ikkje kom til å skrive på bloggen kvar dag, men at det skulle bli så ekstremt som tre veker mellom kvart innlegg hadde eg ikkje trudd. Orsak! Men no skriv eg. Igjen. Sidan sist har eg tatt fatt på år nummer 2 på Bibelskulen i Grimstad (BiG), på TT-linja. Her jobbar eg i team (fancy greier) ilag med 4 andre, så høyrer du snakk om ”Bibelskulen i Grimstad” eller ”BiG” kombinert med ”team” = ”BiG Team” dette året, så finn du meg. Kva eg/me skal gjere? Litt miljøarbeid på skulen, men for det meste blir det mykje reising rundt i landet på leirar, arrangere møteveker, besøkje ungdomsklubbar/barnelag og liknande. I tillegg, og ikkje minst, skal me drive heftig propaganda for å verve nye elevar til BiG! Me unner alle eit slikt år, og Noreg treng bevisste kristne ungdom. Amen.

For å variere kosten så oppsummerar eg litt av dei 3 siste vekene i stikkordformat.

  • Pakking til BiG
  • Mormor&Morfar
  • Besøkte Kristian i KristianSand på vei til Grimstad
  • Flytta inn på BiG
  • Oppstart på TT
  • Undervisning
  • Lært (dvs prøvd og lært) 70 nye navn
  • KrF-engasjement!
  • Bli-kjent-med-mange-folk-på-kort-tid aktivitetar
  • Volvo 240 og alt den måtte medføre
  • 1 stk fridag (i dag)

Det var det i denne omgang. Visst det går meir enn tre veker til neste gang eg skriv skal eg gå tørrskodd til England iført RBK-drakt og vifte med flagg merka Sosialistisk Venstreparti.

mandag 17. august 2009

val val val



Som ansvarleg samfunnsborgar har eg i dag gjort mi plikt og stemd. Faktisk to gonger. Eg kunne sjølvsagt sagt at eg stemde KrF, men sidan valet er anonymt lar eg vere. Eg seier heller at for meg handlar stortingsvalet 2009 om verdiar som verkeleg betyr noko.
Verdiar som overgår bompengar, bensinpris, skattelette og drap av skjeldne orkidéear i Buskerud. (http://www.tv2nyhetene.no/innenriks/krim/okokrim-etterforsker-orkiddrap-i-buskerud-2855731.html). For meg var valet lett. Utan å avsløre for mykje vil eg sei at fargekombinasjonen gul/raud er flott, og at Kjell Ingolf Ropstad er ein kar med meiningar eg har sansen for. Men valet er trass alt anonymt, så eg seier ikkje meir.


Stortingsvalet var grei sak. Det var fort gjort å leggje stemmeseddelen i konvolutten, men det betyr ikkje at eg ikkje tok valet på alvor. Tvert imot! Eg var berre godt forberedt. Og engasjert. At eg brukte kort tid seier berre at eg visste kva eg skulle stemme, for slik eg ser det er det ikkje tvil om kven eg og andre med same livsgrunnlag som meg bør stemme. Verre var det kyrkjevalet, paradoksalt nok. Der er eg for så vidt engasjert, men å forberede seg var like lett som se&hør er seriøs. Valkortet som dumpa ned i postkassa var for så vidt greit det, med opptil fleire bilete og det heile. Problemet var innhaldet, det som faktisk betydde noko, også kalla kandidatane. Med unntak av pappen (Gunnar Angelskår red.anm.) visste eg ikkje kva nokon av kandidatane stod for i soknerådsvalet. Og det er på lokalt plan, som burde vore ei grei sak. Eg kjende namna, men ikkje noko meir utover det. Kordan skulle det gå på bispedømevalet? Med unntak av to kandidatar som eg tilfeldigvis helste på ein gong for nokre år sidan ana eg ikkje kven kandidatane til bispedømet var, og endå viktigare; kva dei stod for. Eg undrar meg kvifor Den Norske Kyrkja (DnK) ikkje har gjort noko for at folk skal vete kven/kva dei stemmer på? Det me får vete er ting som ikkje skal ha betydning for valet ein tek: Namn, alder og arbeidsstilling har sine begrensningar. Og sidan det florerer med ulike meiningar om sjølvsagte saker i DnK, er ein dermed like langt. Kyrkja har ein visjon om å inkludere, men slik dei går fram bidrar dei heller til å distansere. Er det rart DnK er på hell? Urovekkjande nok var det Bergens Tidende (BT) som tok ansvar og publiserte ei oversikt over kandidatane og kva dei stod for i sundagens papirutgåve (BT 16.08.09). Dermed kunne eg luka ut dei kandidatane eg på ingen måte ynskjer å ha med, og stå igjen med i mine auge kvalifiserte kandidatar. (Og nei, det har ingenting med med kjønn og gjere, for dei som av ein eller annan grunn måtte spekulere i det). Det er jo trass alt det eit val handlar om! Slagordet til BT lyder "Mediehuset Bergens Tidende skal engasjere og gi ny innsikt – hver dag!". Eg hadde aldri trudd eg skulle finne på å sei dette her, men på dette pungtet har DnK noko å lære av BT!
Eg undrast, er skremd og håpar verda står etter valet.




søndag 16. august 2009

Vol.1


Eg har gått drastisk til verks. Ikkje fordi eg blir tvungen til det, har fritidsproblem eller får betalt. Hadde det berre vore så vel. Nei, eg har gått drastisk til verk fordi eg har lyst til det! Av eigen fri vilje (takk Gud) vil eg no byrje å skrive ting som fell meg inn og publisere det på verdsveven, berre fordi eg har lyst. Eg såg på nyhetene i dag at politikarar og andre samfunnsforståsegpåarar nyttar aktivt verkemiddel som facebook, twitter (kva no det måtte vere) og blogg for å fronte sine saker. Eg skal ikkje erklære meg sjølv verken som politikar eller samfunnsforståesegpåar, så drastisk skal eg ikkje vere. Men eg har ein tendens til å engasjere meg i ting & uting, og sidan eg har lyst og fortsatt har lov til å ha meiningar om ting utan at staten tek ifrå meg goder, så er eg blitt ein bloggar. Hurra!
Det at eg har gått drastisk til verks var ein overdrivelse, men det fanga kanskje oppmerksomheten din og gjer at du fortsatt les innlegget mitt. Visst du føler deg lurt, svindla eller ført bak lyset har eg oppnådd mitt mål i denne omgang. Eg har ein teori om at det går an å skrive ganske mykje om ganske lite, utan vidare konsekvensar (les:politikk). Til dømes går det an å skrive eit innlegg utan noko særleg meir innhald enn at underteikna har oppretta ein blogg, og bruke eit heilt avsnitt på å sei det når det eigentleg hadde vore nok med ein kort setning.

Og det er det som er så fantastisk med blogg! Følg veldig gjerne med vidare, og føl deg fri til å gje livsteikn ved å kommentere :)